Helse Møre og Romsdal får ikkje krisepakke
Helseminister Jan Christian Vestre vil ikkje gi krisepakke til sjukehusa i Møre og Romsdal.
Helse Møre og Romsdal skal spare 700 millionar i løpet av dei neste fire åra. Dei har varsla kutt som vil gå ut over tilsette og pasientar.
Frank Sve i Frp har bedt om ei krisepakke til Helse Møre og Romsdal, tilsvarande den Helse Nord får på 300 millionar kroner.
Fleire sjukehus slit med store underskot etter store investeringar i IT-tenester og nye bygg. Helseministeren meiner dette ikkje er svaret åleine for Møre og Romsdal, og peiker på ein vekst i bemanning på 10 prosent frå 2019-2024.
Han viser til at helseføretaka er plikta å halde seg innan budsjettrammene som Stortinget vedtek.



































