(Håløygminne nr 3 1986)
Horberget (eldre kart) alias Hårberget lengst søraust på Hinnøya er grensefjell å kalle mellom Hol sokn i Tjeldsund k. i Nordland og det gamle Trondenes (no Harstad k.) i Troms. Sandtorg: sjå seinare.
Fjellet ligg svært fritt og er derfor eit naturleg grensemerke. Det er ein knapt 400 m høg fjellkolle, jamt avrunda til alle kantar, som er skoren laus frå Hinnøy-fjella på nordvestsida ved den såkalla Hår- eller Horvikhalsen. Så heiter det då òg på samisk Hoal'ma-varri "Holmfjellet": fjellet som ligg for seg sjølv, som ein holme.
På vestsida av fjellet ligg matrikkelgarden (grenda) Horvika = Hårvika, tradisjonelt uttalt med kort å. Skrivemåten med å, som naturleg vil bli lesen med lang å, er derfor uheldig. Men skrivemåten med o har visstnok ikkje vore udelt populær i ny tid, endå han så menn er århundregammal.
Det ingen ser ut til å ha festa seg ved, er at det nyss omtalte fjellet truleg gir løysinga på den namnegåta som ligg i førsteleddet Hor-: Alt i Aasens ordbok er det peika på at horg (som hokjønnsord) på Voss er nytta som nemning for "Bjergknold, Bjergtorp (mest som Navn paa enkelte store Fjelde)". Og Norsk Stadnamnleksikon fortel om ein ganske utbreidd bruk av denne nemninga, især på Vestlandet, gjennom namn som Horga, Horgi, Horg(j)o, mens Horgen (av horg + vin) er gardsnamn 8 stader på Austlandet, då oftast med uttalen "hørjen". Best kjent for vegfarande i vår tid er likevel gardnamnet Horg i Melhus i Sør-Trøndelag, som opphaveleg må ha vore namn på den markerte Storsteinen.
Det gammalnorske horgr var hankjønnsord, med genitivs s i eintal, fleirtal horgar. Frå litteraturen er ordet best kjent i tydinga "(oppkasta) steinrøys" i samband med gudedyrking (hov og horg), men nyare namnegransking utført især av svensken Allan Rostvik viser at det også har vore eit utbreidd terrengord, kjent frå svensk i forma harg, horg, horv. Jamfør også finsk harju "haug, klippe".
Rostvik og andre har også peika på eit anna alderdommeleg terrengord av same rot, nemleg inkjekjønnsordet har (hos oss med kort a), som noko likt horg må ha vore nytta om "nake berg i dagen", men då utan at det treng å vere tale om særleg høge berg: Eg meiner at vi har ganske mange døme på dette i nord-norske stadnamn, så som Harhågen (Bø i Andøy), Harvollen (i Ballangen og to stader i Bø) og truleg fleire. Variantar utan framlyds-h finst visst og.
I denne samanhengen viser namnet Horvika seg litt gåtefullt. Vi har rett nok ikkje heilt alderdommelega skrivemåtar å vise til, men ei avvikande form frå 1500-talet er nettopp Harawig (NRJ III 199), og seinare får vi Haruigen 1616 (to gonger) og i 1661. Men sidan eg ikkje har leita systematisk etter slike variantar på eiga hand, vil eg vere varsam med mine forklaringsforsøk her. I 1610 heiter det i alle fall Horuigen, og etter den tid er visst formene med både o og aa godt representerte.
Det nyss nemnte terrengord har (inkjekjønn) ville gje feirtal hor med regelrett genitiv hara. Det er berre vanskeleg å forstå kva anna enn nettopp Horberget som skulle vere grunnlaget for eit slikt namn og det er etter mi meining ei ganske typisk horg, ikkje minst sett frå Hov på Tjeldøya. Dei namna med førsteledd Har- som eg har nemnt, er knytte til langt mindre landemerke. Ei anna sak er at det her må vere tale om verkeleg utgamle namn, frå ei tid då den nære språklege samanhengen (slektskapen) mellom har og horgr var ei sjølvsegn, og såleis kunne kanskje uttalevariantar med spor etter begge orda halde seg ganske lenge. Overtydande er dette likevel ikkje.
Kor som er: Garden i austerenden av Hor(g)berget heiter Sandtorg, tradisjonelt uttalt utan utlyds-g. Dei eldste skriveformene er i Sandtorghe (1321), i Sandþorghom, nest Sandtorghom, i Sandtorge. Frå 1567 og vidare får vi skriveformer med -t(h)orff o.l. Dei viser greitt nok at sisteleddet er blitt oppfatta som norsk torg n.
Men faktisk ville opphavelege namneformer *Sand-horgi og -horgum naturleg bli oppfatta på den måten som dei eldste skrivevariantane viser, på ei tid då Sand- endå hadde halden d (før palatalisering og assimilasjon til nn). At *Sand-horg blei til Sandtorg har då òg ein paralell i dette at nynorsk hedna "hovudhår, hovudhud, hovudskinn", brukt i samansett form hovud-hedna, er blitt til "hau(v)-tenna" på våre kantar.
Det er altså mi meining at Hor(g)vika så vel som *Sandhorg har fått namn av Hor(g)berget, som vel opphavleg må ha heitt nettopp *Sandhorgr: "fjellhorga ved sanden". Ser vi området frå t.d. Evenskjer, blir det eit utruleg treffande namn!
Med tida kom namnet *Sandhorg = Sandtorg til å gjelde garden og ikkje fjellet, og sistnemnte måtte ein då nemne på anna vis: Kortforma *Horgr fanst nok frå første stund, og etter kvart blei det gjengs med eit forklarande tillegg -berget.
Det må nemnast at vi truleg har spor etter horgr i eit par andre stadnamn. Det eine er Hor- eller Hårtuva, brukt om ein berghump inst på halvøya Hovden i Bø: Ho er litt bråbratt mot aust, men gjer elles lite av seg. Namnet er mest nytta av eldre fiskarar, og dei uttaler førsteleddet med både lang og halvlang å.
Dette gjeld også for den runde fjellhumpen Hor- eller Hårberget like ved Napp i Flakstad, skrive Horberg t.d. 1667. Her er det liten tvil om at den noverande skrivemåten med å på kart må ha påverka folk til meir og meir å nytte lang å, og slik kan det komme til å gå med Hårberget og Hårvika ved Sandtorg med. Men parallelt med desse namna vil eg også drage inn Bor(g)holmen i Stø i Øksnes tidlegare ein kjend utrorsstad. Også her var vokallengda mykje skiftande, så vel som skrivemåten (o, å).
Oppdatert 19. September 2008 © Tore
Skogly
Uten ansvar for mulige feil.