Vil bidra til eit bedre midsundsamfunn

Som den yngste ordføraren i Midsund kommune si historie tok Helge Orten (37) over ordførarklubba sist månad. Og nyordføraren har folket bak seg. Berre to gongar sidan 1965 har ei gruppe fått så stor oppslutning som Høgre fekk ved årets val. 
Og årsaka; ordførarkandidat Helge Orten. 


Orten legg ikkje skjul på at det var utruleg artig å få eit slikt tillitsvotum, men han legg stor vekt på den gode lista Høgre hadde når han skal forklare oppslutninga. Med eit slikt valresultat i ryggen, vil han gjere sitt ytterste for å vise seg tilliten verdig. -Eg føler forventningspresset, vedgår han. 
Orten har erfaring frå to periodar i kommunestyret. Det første i 1991-95. Han var Høgre sin einaste representant i sist periode.

Diplomatisk 
Det er ikkje noko brautande over nyordføraren i Midsund. Litt stille og ein forsiktig måte å vere på, seier enkelte. Andre karakteriserer han som beskjeden på eigne vegne, veldig diplomatisk og redd for å støte andre. Nettopp det siste vil han nok få bryne seg på når han no har blitt den fremste tillitsvalde i Midsund. Utfordringane står i kø, og alle vil ikkje få det slik dei ønskjer. Kritikken vil kome. -Det er ok med sakleg kritikk, verre er det om det går på person, seier han. 
Ein likande og humørfylt fyr, seier dei som kjenner han godt. Han har ikkje mange riper i lakken. Tabloidpressa måtte nok leite lenge for å finne pikante avsløringar om Orten. 
Sjølv vil han sjølvsagt bli flau når han les dei mange positive karakteristikkane.

Siviløkonom
Helge er ekte midsundgut. Namnet viser likevel at han har sine røter lengre ute på kysten. Bestefaren flytta frå Orten til Raknes etter at han gifta seg med ei jente derifrå. 
Etter avslutta skulegang i Midsund vart det handel og kontor i Molde før han begynte på Handelshøgskulen i Bergen. At han er siviløkonom av yrke, er kanskje ikkje nokon ulempe når han skal leie ein kommune der den økonomiske situasjonen blir ei stor utfordring. 

Flytta tilbake
Etter eit år som revisor i Molde kom han tilbake til heimkommunen i 1991 og begynte som økonomisjef i Sjøvik AS, ein jobb han har hatt heilt fram til han begynte som ordførar. 
-Det å ha erfaring frå det private næringslivet trur eg vil vere svært positivt i jobben som ordførar. Det skulle gje meg eit utgangspunkt der eg kan kommunisere med bedriftseigarane i kommunen. Det vil vere viktig framover, seier Orten.
Arbeidet i Sjøvik AS, ei bedrift som er engasjert i fleire verdsdelar, førte også til at han fekk oppleve land der folk levde under forhold vi i eit rikt oljeland knapt kan tenkje oss. Når du møter slike forhold får du andre perspektiv på ein del ting, og er glad over å vere fødd og oppvaksen i eit land som Norge. 

Idealist
Helge vedgår at han lenge vog på om han skulle stille som ordførarkandidat. Men når han først bestemte seg så gjekk han inn for fullt. 
-Av og til kan det vere rett å prøve nye ting. Dersom eg vart valt, hadde eg mogegheit til å yte eit bidrag til midsundsamfunnet og jobbe med oppgåver som har betydning for folk her ute. 
Han innrømmer at han er ein idealist. Og mange ristar på hovudet av ein person som er villig til å gå betydeleg ned i lønn for å bli ordførar i Midsund. Men det fortel og om ein nøktern og forsiktig fyr. -Eg har ikkje problem med den godtgjersla eg får som ordførar i Midsund, seier han og avviser problemstillinga.

Styrke lokaldemokratiet 
-Eg har tru på at politikarane kan vere med å styre utviklinga i kommunen, trass i at vi er underlagt rammebetingelsar som set grenser. Viss eg ikkje hadde tru på det, hadde eg ikkje stilt. 
Fokus på lokaldemokratiet er viktig. Det er ein stor verdi. At det sentrale byråkrati i stadig større grad overprøver det lokale skjønn, er ein fare for lokaldemokratiet, seier nyordføraren. -Eg har faktisk ambisjonar om å gjere noko med det. 

Samferdsel
Kva er dei største utfordringane som ordførar? 
-På kort sikt å få økonomisk handlefridom slik at pengar kan frigjerast til investeringar. 


Nyordførar Helge Orten har alt funne seg godt til rette i ordførarstolen.

Vi har dei siste tre-fire åra slite med underskot. Skal vi greie å realisere dei utfordringane vi står overfor, må vi gjere noko med den begrensa handlefridomen vi har i budsjetta og økonomiplanen. Løftar vi blikket litt lengre fram, må vi stille spørsmål om kva som skal til for at folk vil bu i Midsund. Tilbodet på arbeidsplassar vil vere avgjerande. Her er gode kommunikasjonsløysingar heilt avgjerande. Får vi gode kommunikasjonar, vil vi få ein robust og større arbeidsmarknad, seier han. 
Møreaksen er etter Orten sitt syn eit heilt realistisk prosjekt, men skal vi få prosjektet opp og gå, er det viktig å utnytte den drahjelpa Ormen Lange gjev, og den positivitet som er omkrin dette prosjektet no. Men det skal mykje lobbyverksemd til for å få prosjektet inn på samferdselsplanane.
Orten ser for seg ei bru til Aukra, og begge kommunane er avhengige av å betre sambandet over til fastlandet. -Greier vi det, trur eg vi vil få auke i folketalet, seir han. 
Betre kommunikasjonar vil også vere avgjerande for utviklinga av eksisterande næringsliv.

Lokale næringslivet 
-Den viktigaste erfaringa eg kan ta med meg inn i politikken, er erfaringa frå næringslivet. Ordføraren i Midsund jobbar næringsretta, og eg vil legge stor vekt på å ha ein god dialog med bedriftene. Eg meiner å ha forutsetningane for å få det til. 
Fundamentet for eit levedyktig samfunn her ute er eit oppegåande og livskraftig næringsliv. Utan arbeidsplassar, ingen busetnad. Du treng ikkje tilhøyre «næringslivspartiet» Høgre for å kome med ein slik konklusjon.

Kommunen betre enn sitt rykte 
Vi kan lett få inntrykk av at dei aller fleste er misnøgd med kommunen. Er du ikkje redd for å bli hoggestabbe? 
-Eg trur ikkje situasjonen er slik den ofte blir framstilt i media. Mykje av kritikken er ugrunna. Brukarundersøkingar viser faktisk at innbyggjarane stort sett er fornøgde med dei kommunale tenestene. Men sjølvsagt er det eit forbetringspotensiale, og eg vil legge stor vekt på at kommunen skal vere gjennomsyra av serviceinnstilling. Det er viktig å ha i minne at kommunen er til for innbyggjarane. Vi må få meir kundefokus. Det vil betre servicen, seier Orten. 
-Men som politikar kan du ikkje gjere alle til lags. Folk har valt deg til å gjere prioriteringar. Og på mange måtar er det ein uriasjobb, men du må bevare trua og optimismen sjølv om du av og til må gjere upopulære ting. 
Det som skjer i det offentlege er opent og det vedkjem alle. Skjer det feil, vil det kome ut, i motsetning om det skjer i meir lukka organisasjonar. 

Meir att for pengane
Ei sentral oppgåve for ordføraren i ein utkantkommune som Midsund, er å skaffe betre rammebetingelsar og større overføringar frå staten. Dei siste åra har ikkje ordførarane rundt om i kongeriket møtt den største velvilje hos kommunalminister Erna Solberg, Orten sin partikollega. 
Han har stor sans for kommunalministeren, og ser det som uproblematisk at han sjølv må vere med å krevje meir frå «si eiga» Regjering. 
-Det Regjeringa har sett fokus på er måten pengane blir brukt på. Effektivisering i det offentlege og det å få meir ut av pengane, støttar eg fullt ut. Men det står ikkje i motsetnig til det faktum at Regjering og Storting må forvisse seg om at kommunane får nødvendige midlar når dei vedtek nye reformer. 
Orten har vore i jobben i ein månad, og synes det har vore interessant og hektisk. -Myke å setje seg inn i og mange kontaktar å knyte. -Eg er meir motivert enn nokon gong. 
Og han understrekar at han vil vere ein ordførar som skal vere tilgjengeleg for folk. 

Øyavis ANS, 6475 Midsund  -  Tlf.: 71 27 90 90  -  Fax: 71 27 90 82