Faktaboks

Svale Solheim
Fødd
15. februar 1903, Naustdal, Sogn og Fjordane
Død
20. desember 1971, Oslo
Verke
Folklorist
Familie

Foreldre: Sokneprest Ludvig Olai Theodor Solheim (1860–1947) og Hanna Andrea Enoksen (1870–1924).

Gift i 1939 med lærar Astrid Bergitta (Birgitte) Fanebust (1900–1942), dotter til materialforvaltar Nils Olsen Fanebust (1870–1938) og Jenny Bakkebø (1878–1959).

Professor Svale Solheim fotografert i 1958
Foto av Svale Solheim
NTB.

Svale Solheim var ein norsk folklorist som særleg granska tradisjonar i arbeidslivet og mellom anna gav ut Norsk sætertradisjon (1952) og Horse-Fight and Horse-Race in Norse Tradition (1956).

Solheim fullførte dr.philos. i 1940. I perioden 1935–1952 var han knytt til Instituttet for samanliknande kulturforsking som leiar av innsamlinga av folkeminne og vart professor i norsk folkeminnevitskap ved Universitetet i Oslo i 1956.

Han var den første norske folklorist som sette folk, ikkje minna, i sentrum. Programmatisk ville han avdekkja tradisjonens løyndemål, både i fordommar mot å nytta visse ord i visse situasjonar og i heile folkediktinga.

Bakgrunn

Solheim var presteson og voks opp på vestlandskysten, i Jelsa i Ryfylke, Bud i Romsdalen og Kopervik. Etter examen artium ved Stavanger offentlege skule i 1923 tok han fatt på filologien, men braut av utdanninga og drog til sjøs i to år. Deretter fullførde han studiane ved Universitetet i Oslo i 1934 med norsk hovudfag og bifaga historie og geografi. Politisk slutta han seg til venstresida og gjekk inn i kommunistpartiet, men vart ekskludert saman med Furubotn-fraksjonen i 1950. Under andre verdskrigen var han med i den kommunistiske motstandsrørsla og låg lenge i dekning.

Etter avslutta studium var Solheim granskingsstipendiat ved Instituttet for samanliknande kulturgransking i åra 1935–1952 og tok doktorgraden på avhandlinga Nemningsfordomar ved fiske i 1940. Han var førstearkivar ved Norsk folkeminnesamling frå 1952 til 1956 og professor i folkeminnevitskap ved Universitetet i Oslo frå 1956.

Rasjonalist

Solheims interesse for menneskets strid for tilværet kjem tydeleg fram i dei første arbeida hans om fordommar ved fiske. Fordi dei skapte konsentrasjon om arbeidet, fremja og sikra dei produksjonen. Fordommane skulle verna mot farlege makter i form av supranormale vesen, naturkrefter, vonde menneske og dyr.

I Norsk sætertradisjon, som var ein del av eit større prosjekt om norsk seterkultur ved Instituttet for samanliknande kulturgransking, presenterte og tolka Solheim setertradisjonen på grunnlag av livsinteressene til brukarane og som uttrykk for vanskar og medgang. Han hevda at berre gjennom eit engasjert og subjektivt standpunkt kan forskaren koma fram til ei objektiv forståing av tradisjonen. Både i historia om fisket og om stølsdrifta var det mennesket han søkte. For å få det til, sette han tradisjonen inn i ein større sosiokulturell kontekst.

Av legning var Solheim rasjonalist og meinte at folketru og skikkar var rasjonelle i utgangspunktet, skapte ut av bestemte behov, men dei kan seinare ha fått ei supranormal forklaring som gav rom for å skremma med sanksjonar når dei vart brotne. Tradisjonen om at det måtte vera stille om kveldane, tolka han som ei regulering av døgnrytmen: tidleg i seng og tidleg opp. Ved å knytta dette til eit krav frå dei underjordiske, fekk det ei vektigare, supranormal grunngjeving.

Talsmann for munnlege kjelder

I studiet av segntradisjon understreka Solheim at segnene uttrykkjer den folkelege oppfatninga av historiske hendingar og at segnene kan skapa historie ved å bli realiserte på nytt. Eksempla hans inkluderer eit mislukka bondeopprør frå 1541 som argumenterte med segna om Huneheren som gjekk heilt til Romas portar. Stundom kan samanhengane vera tvilsame, som når han vil sjå ei form for undergrunnsrørsle som bind Thomas Müntzers bondeopprør og Thranerørsla saman med segna om Huneheren. Heilt nøktern er derimot analysen av segna om vegvisaren som førde fienden utfor stupet under andre verdskrigen.

Mot det vanlege synet hjå historikarane den gong hevda Solheim at utan hjelp av den munnlege tradisjonen kan ein ikkje få fram eit heilskapleg bilete av det eldre bonde- og fiskarsamfunnet: «Gjennom arbeidsprosessen skaper mennesket si historie, [...] og fram må stiga det skapande og stridande mennesket.»

Utan å vera funksjonalist gav Solheim funksjonelle forklaringar på tradisjonen. Kultursynet hans var farga av marxistisk tankegang utan at han nytta marxistisk teori. Tvisynet prega både forskinga og det politiske engasjementet hans, og som lærar var han inspirerande og sosial.

Utgivingar i utval

  • Ålmenne fordomar ved fiske (1939)
  • Nemningsfordomar ved fiske, doktoravhandling Universitetet i Oslo (1940)
  • Kastrøysar (1941)
  • Norsk sætertradisjon (1952)
  • Horse-Fight and Horse-Race in Norse Tradition (1956)
  • Eine nordische Sage und Thomas Müntzers Volksreformation, i Deutsches Jahrbuch für Volkskunde, band 10, 1964, sidene 225–237 (på norsk i Norveg 1973)
  • Historical Legend – Historical Function, i Acta Ethnographica Academiae Scientiarum Hungaricae, band 19, 1970, sidene 341–346 (på norsk i Norveg 1973)
  • The Types of the Scandinavian Medieval Ballad. A descriptive catalogue (sammen med Bengt R. Jonsson og Eva Danielson), Oslo/Stockholm (1978)

Les mer i Store norske leksikon

Kilder og litteratur

  • Kvideland, Reimund: Norsk biografisk leksikon 2
  • Stud. 1923, 1950
  • Lid, Nils: biografi i NBL1, band 14, 1962
  • Kvideland, Reimund: «Svale Solheim 1903–1971. Selektiv bibliografi», i Temenos, band 7, 1971, side 113–116 (bibliografien er trykt opp av Olav Bø i nedanfornemnde arbeid, s. 9f.)
  • Bø, Olav: «Professor Svale Solheim. Minneord», i DNVA Årbok 1972 og Norveg, band 16, 1973, sidene 1–9
  • Bolstad Skjelbred, Ann Helene: «Svale Solheim som forsker», i Tradisjon, band 14, 1984, sidene 63–72
  • Fløgstad, Kjartan (1994): Ved Roma port

Faktaboks

Svale Solheim
Historisk befolkingsregister-ID
pf01073937002310

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg