Sparebankstiftelsen DNB er ei norsk stifting som vart oppretta i 2002. Den er mellom Noregs største og har som føremål å ivareta sparebanktradisjonane ved å dele ut midlar frå avkastinga til ålmennyttige føremål.
Stiftinga eig cirka åtte prosent av DNB og er konsernet sin nest største aksjonær etter den norske staten.
Stiftinga vart oppretta i 2002 i samband med omdanninga av delar av Gjensidige NOR til aksjeselskapet Gjensidige NOR ASA, som i 2003 fusjonerte med Den norske Bank (DnB) til finanskonsernet DnB NOR. I 2011 slo DnB NOR saman verksemda i DnB NOR Bank, Postbanken og Vital, og døypte seg om til DNB.
Sparebankstiftinga DNB er eigar og medlem i foreininga Store norske leksikon saman med universitet, høgskular og andre ideelle kunnskapsorganisasjonar. Gjennom dotterselskapet Amediastiftelsen er Sparebankstiftelsen DNB frå 2016 også eigar av mediekonsernet Amedia AS.
Kommentarar (1)
skreiv birthe selvaag
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.