Hopp til innhald

Thallium

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kvikksølv Thallium Bly

Basisdata
Namnthallium
SymbolTl
Atomnummer81
UtsjånadSølvkvitt
Plass i periodesystemet
Gruppe13
Periode6
Blokkp
Kjemisk serieMetall
Atomeigenskapar
Atomvekt204,3833 u
Kalkulert atomradius190 (156) pm
Elektronkonfigurasjon[Xe]4f145d106s26p1
KrystallstrukturHeksagonal
Fysiske eigenskapar
StofftilstandFast stoff
Smeltepunkt304 °C, 577 K
Kokepunkt1473 °C, 1746 K
Molart volum17,22 cm³/mol
Tettleik11850 kg/m³
Hardleik1,2 kg/m³
Fordampningsvarme164,1 kJ/mol
Smeltevarme4,142 kJ/mol
Damptrykk5,33×10−6 Pa
Lydfart818 m/s
Elektronegativitet
etter Pauling-skalaen
1,62
Elektrisk leiingsevne6,17 MS/m
Termisk konduktivitet46,1 W/(m·K)
Ioniseringspotensial589,4 kJ/mol
1971 kJ/mol
2878 kJ/mol

Thallium er eit metallisk grunnstoff med kjemisk symbol Tl og atomnummer 81. Det høyrer til gruppe 13 i periodesystemet.

Metallet er mjukt og lettformeleg, og kan skjerast i med kniv. Det har ein metallisk glans som det fort mister i luft, og får i staden ein blå-grå farge. For at stoffet ikkje skal oksidera oppbevarer ein det gjerne under vatn.

Thallium er eit giftig tungmetall og har vore brukt til å forgifta rotter og insekt. Stoffet har òg vore brukt i giftmord på menneske.

Sjølve grunnstoffet og sambindingane det dannar er svært giftige. Dette er fordi det kan erstatta viktige alkalikation i kroppen, til dømes natrium og kalium. Ombytinga fører til at alle prosessane i cella stoppar opp. Stoffet var særs verknadsfult som mordvåpen før ein forstod korleis det verka og fann fram til ei motgift (berlinerblå, Fe4[Fe(CN)6]3). Thalliumforgifting fører mellom anna til at ein mister håret.

Thallium i mindre dosar kan truleg framkalla kreft.

På grunn av helsefarane er thallium ikkje lenger brukt som rottegift.

Thallium i kulturen

[endre | endre wikiteksten]

Krimforfattaren Agatha Christie, som hadde arbeidd som farmasøyt, hadde thalliumforgifting som mordmåte i romanen The Pale Horse (norsk: Den fjerde rytter). Ein fann ut kva offera døydde av fordi dei hadde mista hår.

Filmen The Young Poisoner's Handbook frå 1995 var basert på livet til Graham Frederick Young som drap minst tre menneske med thallium i 1960- og -70-åra.