Hopp til innhald

Tekstil

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bomullsfiber klart til spinning.
Handspunne lamagarn.
Stoffsal i Pakistan.
Foto: Steve Evans
Nylonstrømper.
Båtsegl.
Foto: Remi Jouan

Tekstil er materiale og produkt som blir framstilt ved å bruka tekstilfibrar.[1] Dei kan lagast gjennom ulike teknikkar, som spinning, veving, strikking, hekling, knipling, brodering og toving. Tekstil kan gå gjennom fleire produksjonsnivå og foredlingar, til dømes kan fibrane gjerast om til tråd som kan vevast til stoff som ein kan sy til klede, innbu, utstyr som tau og anna. Tekniske tekstilar brukar tekstilfibrar og -teknikker på fleire ulike område, som landbruk eller kirurgi.

Illustrasjonar av ulike stilar av sari og klede nytta av kvinner i Sør-Asia (M.V. Dhurandhar, 1928).

Forløparen til dagens tekstilar er blant anna blad, bark, pelsskinn og tova kluter.[2] Menneske har framstilt tekstilar i tusenvis av år. Det er funne leirefragment med avtrykk av stoff i det som no er Tsjekkia. Dei eldste tekstilane kjem frå Sør-Amerika og Anatolia. Dei fyrste kleda, som blei brukt for minst 70 000 år sidan og kanskje òg langt tidlegare, var truleg laga av dyreskinn og bidrog til å verna tidlege menneske mot elementa. På eit tidspunkt lærte folk å veva plantefibrar til tekstilar. Oppdaginga av farga linfibrar i ei hole i Kaukasus i det som no er Georgia datert til 34 000 f.Kr. og tyder at tekstilliknande materiale blei laga så tidleg som i eldre steinalder.[3][4]

Tekstilar som materiale er i seg sjølv for skjøre til at dei har overlevd gjennom tusenår. Verktøy som blei brukt til å spinna og veva utgjer dei fleste førhistoriske bevisa for tekstilarbeid. Det eldste verktøyet for å spinna var handtein (spindel) som til slutt blei lagt til eit spinnehjul.[5] Vekta av handteinen forbetra tjukkleiken og vridinga av spunnen tråd. Seinare blei spinnerokken utvikla.[6] Historikarar er usikre på kvar dette hende; nokre seier Kina og andre India.[7]

Banton-gravtøy, det eldste eksisterande døme på vevnad med trådar i Søraust-Asia, blir synt fram på det filippinske nasjonalmuseet. Tøyet blei mest truleg framstilt av urfolk på nordvestlege Romblon.

Det finst to hovudgrupper av tekstilfiber: Naturfiber og kunstig fiber.

  1. «textilier», Nationalencyklopedin
  2. Weibel, Adèle Coulin (1952): Two thousand years of textiles; the figured textiles of Europe and the Near East. Internet Archive. New York, Published for the Detroit Institute of Arts [by] Pantheon Books. s. 27.
  3. Balter, M. (2009): «Clothes Make the (Hu) Man», Science. 325 (5946): 1329. doi:10.1126/science.325_1329a. PMID 19745126.
  4. Kvavadze, E.; Bar-Yosef, O.; Belfer-Cohen, A.; Boaretto, E.; Jakeli, N.; Matskevich, Z.; Meshveliani, T. (2009): «30,000-Year-Old Wild Flax Fibers», Science. 325 (5946): 1359. Bibcode: 2009Sci...325.1359K. doi:10.1126/science.1175404. PMID 19745144. S2CID 206520793. Supporting Online Material
  5. Spinnehjul av kleberstein, NMF Museum
  6. SpinnerokkDigitaltMuseum
  7. Beaudry, Mary C. (2006): Findings: The Material Culture of Needlework and Sewing. Yale University Press. s. 137.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Tekstil