Hopp til innhald

Severodvinsk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Severodvinsk
Северодвинск
by
Våpenskjold
Land  Russland
Føderasjonssubjekt Arkhangelsk
Høgd 7 m
Areal 1 200 km²
Folketal 155 365 (1. januar 2025)
Grunnlagd 1936
   Bystatus 1938
Postnummer 164500–164528
Retningsnummer (+7)8184
Kart
Severodvinsk
64°34′00″N 39°51′00″E / 64.566666666667°N 39.85°E / 64.566666666667; 39.85
Wikimedia Commons: Severodvinsk

Severodvinsk er ein by i Arkhangelsk oblast i Russland som ligg i deltaet til elva Nordre Dvina, 35 km vest for Arkhangelsk.

Det karelske St. Nikolas-klosteret tidleg på 1900-talet.
Inngangen til Det karelske St. Nikolas-klosteret (1691), no i Kolomenskoje-muséet i Moskva.
Foto: Alexei Troshin (Алексей Трошин)

Busetnaden på staden der den noverande byen Severodvinsk ligg vart først nemnt i 1419, då svenskane segla inn i bukta og brente ned klosteret Nikolo-Korelskij som låg ved kysten. Dette klosteret meiner ein vart grunnlagt av St. Euphemius, ein ortodoks misjonær i dei karelske landa. Klosteret låg i ruinar til 1471, då to søner av Marfa Boretskaja vart drepen under ein forrykande storm, og lika deira vart funne på stranda nær klosteret tolv dagar seinare. Etter overtalingar frå Boretskaya vart klosteret gjenoppbygd og hennar to søner gravlagt der.

Klosteret blomstra etter skipinga av det engelske Muscovy Company, sidan mesteparten av handelen til selskapet gjekk gjennom den lokale hamna. Dei noverande bygningane på klosteret vart bygt på slutten av denne perioden. St. Nikolas-katedralen, med sine fem kuplar, vart bygt 1670–1674. Fleire tiår seinare vart veggane og tårna bygt i tømmer, og dei best bevarte av desse tårna vart i Sovjet-tida frakta til Kolomenskoje i Moskva, der ein kan sjå dei i dag.

Den noverande byen Severodvinsk vart utbygt i Sovjetperioden og fekk bystatus i 1938. I perioden 1938–1957 hadde han namnet Molotovsk (russisk: Мо́лотовск), etter Vjatsjeslav Molotov.

Under den andre verdskrigen var Severodvinsk staden der ein stor del av materiala som vart levert til Sovjetunionen via dei arktiske konvoiane til Murmansk og Arkhangelsk faktisk vart lossa.

Byen er hovudbasen for dei russiske atomubåtane, og har òg store verft for bygging og reparasjon av ubåtar. Bygningane frå 1600-talet på Nikolo-Korelskijklosteret vart tilpassa og vert framleis nytta til skipsbyggingsformål.[1]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Severodvinsk