Provinsen Cuneo
| Cuneo | |||
| provins | |||
|
|||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Region | Piemonte | ||
| Hovudstad | Cuneo | ||
| Areal | 6 902,65 km² | ||
| Folketal | 580 789 (31. desember 2021) | ||
| Postnummer | 12100 | ||
| Retningsnummer | 171 | ||
| Bilnummer | CN | ||
![]() Provinsen Cuneo 44°23′00″N 7°33′00″E / 44.383333333333°N 7.55°E | |||
| Wikimedia Commons: Province of Cuneo | |||
Provinsen Cuneo (italiensk Provincia di Cuneo) er ein provins i regionen Piemonte i Italia. I vest grensar provinsen til Frankrike og departementa Alpes-Maritimes, Alpes-de-Haute-Provence og Hautes-Alpes i regionen Provence-Alpes-Côte d'Azur. I nord grensar han til provinsen Torino, i aust til provinsen Asti, i sør til provinsen Savona og provinsen Imperia i Liguria.
Han vart òg kalla Provincia Granda, den store provinsen, fordi han er den tredje største provinsen i landet (etter Bolzano og Foggia). Dette skapte tidlegare problem for innbyggjarane i Alba som måtte reise langt til Cuneo kvar gong dei hadde æren med provinsstyret. Fleire gonger har det vorte gjort framlegg om å dele provinsen i to.
Hovudstaden er byen Cuneo. Han har eit areal på 6 903 km² og totalt 580 789 innbyggjarar i 2021. Det er 250 kommunar i provinsen og dei største av desse er:
| Kommune | Folketal |
|---|---|
| Cuneo | 54 853 |
| Alba | 30 181 |
| Bra | 28 890 |
| Fossano | 24 224 |
| Mondovì | 22 092 |
| Savigliano | 20 510 |
| Saluzzo | 16 244 |
| Borgo San Dalmazzo | 11 761 |
| Racconigi | 9 838 |
| Busca | 9 687 |
| Boves | 9 536 |
| Cherasco | 7 633 |
| Barge | 7 584 |
| Dronero | 7 127 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Province of Cuneo» frå Wikipedia på engelsk, den 14. desember 2007.

