Plymouth
| Plymouth | |||
| by | |||
Plymouth Hoe sett frå sjøen | |||
| Kallenamn: Spirit of Discovery | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Region | Devon | ||
| Høgd | 155 m | ||
| Areal | 79,29 km² | ||
| Folketal | 267 918 (2016)[1] | ||
| Postnummer | PL | ||
![]() Plymouth 50°22′17″N 4°08′32″W / 50.371388888889°N 4.1422222222222°W | |||
| Wikimedia Commons: Plymouth | |||
Plymouth (City of Plymouth) er ein by i Devon i det sørvestlege England ved grensa til Cornwall, der elvane Plym og Tamar munnar ut i det 5 km lange Plymouth Sound, som er verna av ein lang molo. Han voks opp omkring Plymouth hamn, som er ei av dei beste naturlege hamnene i verda. Byen har kring 250 000 innbyggjarar.
Byen er ei viktig flåtenamn med stort marineverft. Her finst maskinverktøy-, instrument-, næringsmiddel- og kjemisk industri. Handel og fiske er òg viktige for økonomien i byen. Byen har ein marinbiologisk stasjon, ein katolsk katedral og eit citadell frå 1666. Festningsverka i byen går attende til 1300-talet.
Byen er omtalt som Sudstone på 1000-talet. Hamna vart tidleg sentrum for Royal Navy, noko som både har ført til at han voks kraftig, og i Elizabeth-tida var han den fremste hamna i landet. Det var frå her Sir Francis Drake la ut på jordomseglinga si i 1577. Byen er òg kjent som stader der pilegrimane forlét England med Mayflower for å reise til Den nye verda i 1620. Marinebasen i byen førte òg til at byen vart sterkt skadd av bombinga til Luftwaffe under andre verdskrigen. Byen vart gjenoppbygd etter ein plan av arkitekten Patrick Abercrombie. Marinebasen er den største i Vest-Europa, og ein av dei få gjenverande i Storbritannia.
Plymouth har sidan 1914 òg omfatta byane Devonport og Stonehouse.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Plymouth_-_Storbritannia» i Store norske leksikon, snl.no.
- Denne artikkelen bygger på «Plymouth» frå Wikipedia på bokmål, den 9. juli 2011.
