Hopp til innhald

Newcastle upon Tyne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Newcastle upon Tyne
by
Motto: Fortiter Defendit Triumphans – «Triumferer med tappert forsvar»
Kallenamn: The Toon
Land  England
Region Tyne and Wear
Areal 114,000000 km²
Folketal 300 196 (2018)[1]
Grunnlagd 100-talet
Postnummer NE
Retningsnummer 0191
Kart
Newcastle upon Tyne
54°58′40″N 1°36′48″W / 54.977777777778°N 1.6133333333333°W / 54.977777777778; -1.6133333333333
Wikimedia Commons: Newcastle upon Tyne

Newcastle upon Tyne, som regel kalla berre Newcastle, er ein by ved elva Tyne nordaust i England. Han er det 31. folkerikaste distriktet i landet med om lag 300 000 innbyggjarar, men områda North og South Tyneside, Gateshead og byen Sunderland med til saman 660 000 innbyggjarar vert gjerne rekna som del av Newcastle.

Byen er eit viktig administrativt, kommersielt og kulturelt senter for Nordaust-England. Her er viktig og variert industri, mellom anna jern- og stålindustri, kjemiske fabrikkar med meir og ein velkjend ølproduksjon (Newcastle Brown). Den tidlegare så viktige skipsbygginga har sidan 1970-åra gått sterkt tilbake.

Newcastle er eit viktig utdanningssenter med Universitet frå 1963 (tidlegare King's College, 1851) samt fleire andre utdanningsinstitusjonar. Byen er òg eit anglikansk og katolsk bispesete og har eit stort senter for samtidskunst (BALTIC) og naturhistorisk museum.

Det gjenverande tårnet frå borga i Newcastle.

Newcastle ligg på same stad som romarane sine Pons Aelii ved austenden av Hadrianmuren.

Newcastle tyder Ny borg, og borga det er snakk om var ny i 1080. Det var normannarane som bygde henne kort tid etter at dei fekk makta i England. Borgtårnet og ein av portane kan fortsatt sjåast, resten vart rive då jarnbanen kom til byen på 1800-talet.

Byen vart tidleg viktig i den industrielle revolusjonen, først som handelssenter for kol frå Northumberland og sidan innan skipsbyggjing og tungindustri. Fleire industrielle nyvinningar fann stad i området, og Mosley Street midt i byen var den første gata i verda som fekk elektriske gatelys.

Newcastle i dag

[endre | endre wikiteksten]
Det moderne underhaldningskomplekset Metroloand.
Foto: John-Paul Stephenson

Nedgang i tungindustrien i andre halvdel av 1900-talet førte til arbeidsløyse og fattigdom i arbeidarstrøka i byen. Gjennom byutvikling har Newcastle markert seg som eit senter for handling og uteliv. No finst dei fleste jobbane innan kontor- og servicenæringa.

Nær Newcastle ligg ein internasjonal flyplass som ein kan nå med undergrunnsbane. Byen sin internasjonale ferjeterminal har avgangar til mellom anna Amsterdam, Kristiansand, Stavanger og Bergen.

Den eldste bydelen, saman med laugshuset frå 1600-talet og borga, er restar frå førindustriell tid. Delar av sentrum har mange bygningar frå 1800-talet. Høgare oppe, i nord og vest, er det moderne, opne bustadområde. Elles er byen prega av å vere ein industriby. Borga (1172–1177) var ein gong den sterkaste i Nord-England og hovudporten Black Gate er mellom anna bevart. Like så finst restar av bymurane frå 1200-talet og kyrkjene St. Andrew's frå 1000–1300-talet, St. John's frå 1300–1400-talet og domkyrkja St. Nicholas frå 1400-talet. Den katolske St. Mary's Cathedral vart ferdig 1844. Fleire bruer fører over til Gateshead på sørbreidda av Tyne, mellom anna High Level Bridge (av Robert Stephenson, 1849) og Millenum Bridge frå 2001. I Gateshead ligg musikksenteret The Saga (teikna av Foster and Partnars og ferdigstilt i 2005).

Folk frå Newcastle

[endre | endre wikiteksten]
Tyne Bridge, med Swing Bridge og High Level Bridge i bakgrunnen.

Venskapsbyar

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Newcastle upon Tyne
Reiseguide for Newcastle upon Tyne frå Wikivoyage