New Mexico
| New Mexico | |||
| delstat | |||
|
|||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Hovudstad | Santa Fe | ||
| Areal | 314 915 km² | ||
| • land | 314 309 km² | ||
| • vatn | 606 km² | ||
| Folketal | 2 088 070 (2017) | ||
| Folketettleik | 7 / km² | ||
| Guvernør | Michelle Lujan Grisham (D) | ||
| Før innlemming | Nuevo México (1598–1848) New Mexico-territoriet (1850–1912) | ||
| Innlemma i USA | 6. januar 1912 | ||
| Statsnummer | 47. | ||
| Forkorting | NM | ||
![]() New Mexico 34°N 106°W / 34°N 106°W | |||
| Wikimedia Commons: New Mexico | |||
| Nettstad: newmexico.gov | |||
New Mexico er ein delstat i Sambandsstatane. Hovudstaden er Santa Fe. Delstaten grensar til Mexico i sørvest, og har nesten same våpenskjold som landet. I USA grensar delstaten til Texas i aust og sør, Arizona i vest, Utah i nordvest, Oklahoma i nordaust og til Colorado i nord.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]New Mexico har eit variert landskap med ørkenområde i sør og skogsområde og snøkledde fjelltoppar i nord. Eit markant trekk ved geologien i New Mexico er store kalksteinsgrotter, som Carlsbad Cavern og Lechuguilla Cave.
- Bilde frå New Mexico
- Shiprock
- Wheeler Peak – Sangre de Cristo Range
- Carlsbad Cavern
- Ballsalen i Lechuguilla
Historie
[endre | endre wikiteksten]Under mellomalderen i Europa heldt pueblo-kulturen til i dagens New Mexico. Ulike urfolk dyrka mais og bygde firkanta hus av soltørka leire, elelr adobe. Det finst framleis samfunn i fleire delar av New Mexico som har vore folkesette i hundrevis av år.
- Albuquerque
- Santa Fe
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Delar av denne artikkelen bygger på «New Mexico» frå Wikipedia på bokmål, den 25. mars 2024.

