Hopp til innhald

Monique Garbrecht

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Monique Garbrecht


StatsborgarskapTyskland, Den tyske demokratiske republikken
Fødd11. desember 1968 (57 år)
Potsdam
Idrettlengdeløp på skeiser
Tok del i Vinter-OL 1994, Vinter-OL 1998, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 2002 – 500 meter kvinner, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 1992 – 1000 meter damer

Monique Garbrecht (fødd 11. desember 1968) er ein tysk tidlegare skeiseløpar fødd i Potsdam. Ho var verdsmeister i sprint åra 1991, 1999, 2000, 2001 og 2003, i tillegg vann ho fire gullmedaljar i VM enkeltdistansar, to på 500 meter og to på 1 000 meter.

Garbrecht representerte frå 1989 Aust-Tyskland og sidan 1991 det samla Tyskland i ei rekke verdsmeisterskap i sprint-firkamp og i enkeltdistansar, samt i dei fire olympiske vinterleikane i tida 1992-2002. I februar 1991 vann ho Sprint-VM på tysk heimebane, eit halvt tidspoeng føre kinesiske Ye Qiaobo. Under Vinter-OL 1992 i Albertville gjekk Garbrecht inn til fjerdeplass på 500 meter, deretter femteplass på 1500 m før ho sikra seg bronsemedaljen på 500-meteren.

Så skulle det gå sju år før Garbecht atter sanka medalje i internasjonale meisterskap. Vinteren 1999 kneip ho fyrsteplassen i verdsmeisterskapen i sprint i Calgary med ein margin på 0,035 tidspoeng, kanadiske Catriona Le May vart nummer 2. Deretter gjekk Garbecht inn til sølv på 1000 meter i enkeltdistanse-VM i Heerenveen. Året etter forsvarte ho meistertittelen ved Sprint-VM i Seoul, på tampen av sesongen triumferte ho på både 500 m og 100 m i VM i enkeltdistansar i Nagano. I januar 2001 sigra Garbrecht i sprint-verdsmeisterskapen for tredje gong i rad. Ei sju veker seinare vann ho gull på 1000 m og sølv på 500 m ved enkeltdistanse-VM i Salt Lake City. Eit lite år seinare var ho tilbake i den same byen der ho vann sølvmedaljen på 500 m i Vinter-OL 2002. 19. januar 2003 i Calgary vart Garbecht verdsmeister i sprint-firkamp for femte gong, ho slo Cindy Klassen på andreplass med heile 1,7 tidspoeng.

Garbrecht la opp i 2005. Ho gifta seg i 2002 med den svenske skeiseløparen Magnus Enfeldt.