Meyrin
| Meyrin | |||
|---|---|---|---|
| |||
| Plassering | |||
| Styresmakter | |||
| Land | |||
| Kanton | kantonen Genève | ||
| Distrikt | ingen | ||
| Språk | fransk | ||
| Borgarmeister | Monique Boget | ||
| Geografi | |||
| Flatevidd - kommune |
9,94 km² | ||
| Innbyggjarar - kommune (august 2011) - folketettleik |
22 057 2 219 /km² | ||
| Koordinatar | 46°13′0″N 06°04′0″E / 46.21667°N 6.06667°E | ||
| Høgd over havet | 446 moh. | ||
| Diverse annan informasjon | |||
| Postnummer | 1217 | ||
| Nettstad: www.meyrin.ch | |||
Meyrin er ein by og ein kommune kantonen Genève i Sveits, tett ved grensa til nabolandet Frankrike. Kommunen har 22 057 innbyggjarar (2011) og eit areal på 9,94 km². Kommunesenteret ligg 446 meter over havet. Det internasjonale partikkelfysikksenteret CERN ligg nord for byen Meyrin, heilt opp mot landegrensa til Frankrike.
Meyrin var opphavleg ein liten jordbrukslandsby fram til 1950-åra, då CERN vart bygd nord i kommunen. Han er no ein pendlarby dominert av høge bustadblokker og mange av innbyggjarane jobbar ved CERN eller i sentrum av Genève.
Genève internasjonale lufthamn ligg delvis i Meyrin.[1] Kommunen ligg på høgresida av elva Rhône og består av landsbyane og heile eller delar av områda CERN Maisonnex, Mategnin, Citadelle, Aéroport - tour-de-contrôle, Aéroport - Papillons, Aéroport - FORESTIER, Cointrin - Les Sapins, Cointrin - Les Ailes, Cointrin - Pré-Bois og ZI Riantbosson.[2]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Meyrin» frå Wikipedia på engelsk, den 23. september 2011.
- ↑ "Plan de commune Arkivert 2011-07-06 ved Wayback Machine.." Meyrin. Retrieved on 29 September 2009.
- ↑ Kanton of Genève Statistical Office Liste des 475 sous-secteurs statistiques du kanton de Genève. (fransk) accessed 18 April 2011
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Offisiell nettstad (fransk)
- Mategnin på tysk, fransk og italiensk i det nettbaserte Historisches Lexikon der Schweiz/Dictionnaire historique de la Suisse/Dizionario storico della Svizzera.
- Maisonnex på tysk, fransk og italiensk i det nettbaserte Historisches Lexikon der Schweiz/Dictionnaire historique de la Suisse/Dizionario storico della Svizzera.
- Cointrin på tysk, fransk og italiensk i det nettbaserte Historisches Lexikon der Schweiz/Dictionnaire historique de la Suisse/Dizionario storico della Svizzera.
