Marokko
| المملكة المغربية Al Mamlaka al-Maghrebiya (norsk: Marokko, marokkansk) | |||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|
| |||||||
| Nasjonalsong | «Hymne Chérifien» | ||||||
| Motto | الله، الوطن، الملك ('Gud, land og konge') | ||||||
| Offisielle språk | Arabisk, tamazight | ||||||
| Hovudstad | Rabat | ||||||
| Styresett |
Monarki Mohammed VI Aziz Akhannouch | ||||||
| Flatevidd – Totalt |
446 550 km² (57.) | ||||||
| Folketal – Estimert (2017) – Tettleik |
33 986 655 (39.) 76,1 /km² (106.) | ||||||
| Sjølvstende - Dato |
Frå Frankrike 2. mars 1956 | ||||||
| Nasjonaldag | 30. juli | ||||||
| BNP – Totalt (2015) – Per innbyggjar |
274 100 mill. USD (55.) 8 500 USD (118.) | ||||||
| Valuta | Marokkansk dirham | ||||||
| Tidssone | UTC | ||||||
| Telefonkode | +212 | ||||||
| Toppnivådomene | .ma
| ||||||
Marokko er eit nordafrikansk kongedøme. Det har kyst mot Atlanterhavet, Gibraltarsundet og Middelhavet, og grensar til Algerie i aust, Vest-Sahara i sør, og Spania i nord gjennom fleire små eksklavar. Marokko har annektert størstedelen av Vest-Sahara sidan 1975, og administrerer området, sjølv om dette ikkje er internasjonalt godkjend.

Namn
[endre | endre wikiteksten]Det arabiske namnet på landet tyder 'det vestlege kongedømet', og blir ofte forkorta til Al Maghrib, 'Vesten'. Namnet Marokko, som blir brukt på dei fleste andre språk, er avleia av namnet på den tidlegare hovudstaden Marrakech.
Det fullstendige arabiske namnet på landet betyr ‘det vestlege kongedømmet’. Al-Maghrib (المغرب, som betyr ‘vesten’) er vanleg å bruka omlandet. I historiske referansar pleidde historikarar å referera til Marokko som al-Maghrib al-’Aqṣā (المغرب الاقصى, ‘lengst i vest’) for å skilja landet frå den historiske regionen kalla Maghreb. Namnet «Marokko» stammar i mange andre språk frå namnet til den tidlegare hovudstaden, Marrakech (مراكش – darija: Mærræksh, klassisk Murrākush, tamazight og tasjelhit Murakush), avleidd frå eldre berbisk «Amur n Akush», som betyr ‘Guds land’.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]
Marokko grensar til Algerie i aust og søraust, men grensa mellom dei to landa har vore stengd sidan 1994.
Det grensar til Spania ved dei fire spanske eksklavane på den afrikanske middelhavskysten: Ceuta, Melilla, Peñón de Vélez de la Gomera og Peñón de Alhucemas, i tillegg til fleire øyar, inkludert Perejil og Chafarinas. Utanfor Atlanterhavskysten tilhøyrer Kanariøyane Spania, medan Madeira i nord er portugisisk. I nord grensar Marokko til og kontrollerer delar av Gibraltarsundet, noko som gir landet makt over vatnveia inn og ut av Middelhavet. Riffjella dominerer regionen som grensar til Middelhavet frå nordvest til nordaust og Atlasfjella går som ein ryggrad frå sørvest til nordaust. Det meste av folkesetnaden bur nord for desse fjella, medan ørkenen ligg sør for dei. Det meste av den søraustlege delen av landet er del av Sahara-ørkenen og er dermed tynt folkesett og ikkje produktiv økonomisk sett. I sør ligg Vest-Sahara, ein tidlegare spansk koloni som blei okkupert av Marokko i 1975. Marokko hevdar at Vest-Sahara er del av territoriet sitt og refererer til det som dei sørlege provinsane. Dette er likevel ikkje anerkjent av FN, og Vest-Sahara er eit omstridt territorium.
Marokko omfattar mange ulike naturmiljø. Landet dannar ein geologisk overgangssone mellom slettelandet i Afrika og det alpine fjellsystemet. Mesteparten av den søraustlege delen av landet ligg i Sahara og er goldt og har få innbyggjarar. Fjell dekker store delar av Marokko. Dei sentrale delane av massiva består av krystallinske grunnfjellsbergartar, medan dei yngre foldingsbergartane mest er frå jura og krit, til dels med basaltdekke mellom laga. I senkingane ligg tertiære og kvartære avleiringar, mellom anna fosfatleire.
Fjellkjeda Midtre Atlas (Moyen Atlas), flankert av elva Oum er-Rebia som renn mot Atlanterhavet, og av Moulouya som renn mot Middelhavet, hevar seg til over 3000 moh. I sørvest glir ho saman med Høge Atlas (Haut Atlas), som i Jabal Toubkal når 4165 moh, det høgaste fjellet i Marokko. Sør for desse fjella, avbrote av ein senkingssone, ligg Antiatlasfjella. Fjella når ca. 2500 moh, men liknar meir på eit platåland enn ei fjellkjede. Sørskråningene er golde og strekkjer seg ut mot den ofte tørrlagde elva Oued Drâa. I nord går dei ca. 2000 m høge Riffjella i ein boge av høge fjellryggar og breie dalar parallelt med den bratte kysten, frå Tanger i vest nesten til Melilla i aust. Fjella fell sørover mot den trekantede Sebousletta som dannar eit alluvialt lågland. Det lågaste punktet i landet er Sebkha Tah (55 muh.). Fjella i nord er geologisk ustabile slik at jordskjelv kan skje. Både Riffjella i nord og Atlasfjella midt i landet er hovudsakleg folkesette av berbarar.
Det vestlege Marokko, som strekkjer seg frå Mellom- og Høge Atlas til Atlanterhavet, består for det meste av eit 400–700 m høgt platå (Marokkanske Meseta) gjennomskore av elvedaler. Langs Atlanterhavet ligg ei smal kystslette, som er breiast sør for Casablanca.
Større miljøproblem er mangel på ferskvatn, erosjon på grunn av minkande vegetasjon, og oljeureiningar i havet.
Hovudstaden i landet er Rabat, medan Casablanca er største byen. Andre viktige byar er Agadir, Essaouira, Fez, Marrakech, Meknès, Oujda, Ouarzazat, Safi, Salé, Tanger, Tétouan, Tiznit og Tan-Tan.
Tissint-meteorittane
[endre | endre wikiteksten]I juli 2011 vart Tissint råka av eit meteoritt-regn med steinar på opptil ein kilo.
Klima
[endre | endre wikiteksten]Den nordlege kysten har middelhavsklima med solrike og varme somrar, og kjølige og fuktige vintrar. Mykje det same klimaet har ein innover i landet til foten av Atlasfjella, og langs kysten av Atlanterhavet. Atlanterhavskysten er faktisk enno meir temperert med mildare vintrar og mindre nedbør, og litt kjøligare somrar når havtåke sig inn mot land. På den andre sida av Atlasfjella ligg derimot Sahara som er tørr og svært varm. Kystområda av Marokko har ein normal maksimumstemperatur på 26 °C i juli, men når ein sørleg og støvete vind, kalla chergui, strøymer over fjella frå Sahara kan temperaturen kome opp mot 45 °C. Dei høgare områda av Atlasfjella kan derimot ha vinterlege forhold med snø og kraftig vind.
Historie
[endre | endre wikiteksten]
Området til dagens Marokko har vore folkesett sidan yngre steinalder. Capsienkulturen utvikla seg i området rundt 8000 f.Kr., då Marokko var mykje meir fruktbart enn no. Den eldste folkegruppa i området ein kjenner til er berbarar. Mange teoretikarar meiner berbarspråka truleg kom til på omtrent same tid som jordbruket og blei overtekne av den eksisterande befolkninga i lag med innvandrarane som tok det med seg. Moderne genetiske analysar har stadfesta at ulike befolkningar har bidrege til dagens befolkning, inkludert berbarar, arabarar, fønikarar, sefardiske jødar og subsahariske afrikanarar. Berbarane (amazigh) er også kjende av den regionale etniske identiteten deira som chleuh. I den klassiske perioden var Marokko kjent som Mauretania, sjølv om dette ikkje må forvekslast med dagens Mauritania.
Nord-Afrika og Marokko blei sakte trekt inn i den vidare oppovergåande middelhavsverda gjennom fønikiske handelskoloniar og busetjingar i den seine klassiske perioden. Sjøreisande fønikarar busette seg ved kysten før romarane tok kontroll over området som Mauretania Tingitana. Tilkomsten til fønikarane markerte byrjinga på eit langt engasjement i Middelhavet, og etterkvart blei denne strategiske regionen del av Romarriket som Mauretania Tingitana. På 400-talet, då Romarriket var i ferd med å gå i oppløysing, fall regionen til vandalane, vestgotarane og bysantinske grekarar i rask rekkjefølgje. I løpet av denne tida heldt høgfjella i det meste av dagens Marokko fram med å vera uavhengige og blei verande i hendene til dei berbiske innbyggjarane sine.
På 600-talet blei landet erobra av muslimske arabarar som har prega kulturen sidan. I 670 erobra Okba ibn Nafi den nordafrikanske kyststripa på vegner av det omajadiske kalifatet i Damaskus. Dei fleste berbarane konverterte til islam og danna statar som kongedømmet Nekor. Landet braut snart med kontrollen til dei fjerne abbaside-kalifane under Idris ibn Abdallah, som grunnla Idrisid-dynastiet. Marokko blei eit senter for læring og ein stor regional maktfaktor.

Marokko braut laus frå kalifatet i Bagdad under Idris ibn Salih som grunnla idrisidedynastiet. Landet blei ei stormakt og eit kulturelt senter, men blei etter kvart svekka av indre splid, samstundes som europeiske makter og Det osmanske riket trua utanfrå.
Marokko nådde høgda si under ein serie dynasti av berbisk opphav som erstatta dei arabiske idrisidane. Fyrst almoravidene og så almohadane styrte frå Marokko nesten heile det nordvestlege Afrika i tillegg til store delar av det islamske Iberia, eller Andalucía. Mindre statar i regionen, som Berghouata og Banu Isam, blei erobra. Imperiet braut saman etter ei lang rekkje borgarkrigar.
Alaouite-dynastiet fekk til slutt kontroll. Marokko stod overfor spansk og ottomansk aggresjon. Alaouitane lukkast i å stabilisera posisjonen sin, og medan kongedømmet var mindre enn dei føregåande i regionen, blei det verande ganske velståande. I 1684 annekterte det Tanger.
Marokko var den fyrste nasjonen som anerkjende det nyleg danna USA som ein sjølvstendig stat i 1777. Den marokkansk-amerikanske vennskapstraktaten står framleis som den eldste ubrotne vennskapstrakten til USA. Han blei signert av John Adams og Thomas Jefferson og har blitt vidareført utan avbrot sidan 1783. Den amerikanske delegasjonen (konsulatet) i Tanger er den første eigedomen den amerikanske regjeringa har eigd utanfor sitt eige land. Bygningen husar no Tangier American Legation Museum.
Vellukka portugisisk forsøk på å kontrollera Atlanterhavskysten på 1400-talet hadde ikkje særleg innverknad på det middelhavsorienterte hjartet av Marokko. Etter Napoleonskrigane blei Egypt og det nordafrikanske Maghreb i aukande grad uregjerlege frå Konstantinopel. Området blei òg ein gøymestad for piratar under lokale beyar, og etterkvart som Europa blei industrialisert blei det i aukande grad sett på som eit verdifullt område for kolonisering. Maghreb hadde vist større velstand enn den ukjente delen av Afrika, og hadde ein strategisk viktig posisjon som hadde innverknad på utgangen av Middelhavet. For fyrste gong blei Marokko ein stat av interesse for dei europeiske maktene. Frankrike viste sterk interesse for Marokko så tidleg som i 1830. Britisk anerkjenning i 1904 av Frankrike sin innverknadssfære i Marokko framprovoserte ein tysk reaksjon. Krisa i juni 1905 blei løyst ved Algeciras-konferansen i Spania i 1906, som formaliserte Frankrike si «spesielle stilling» og delte Marokko politisk til Frankrike og Spania.
Landet blei frivillig eit protektorat i 1912 då sultan Abdelhafid gav Frankrike overherredøme over riket, samstundes som Spania fekk herredømet over Tanger. Etter lang tids kamp fekk landet sjølvstende i 1956, og Tanger blei igjen innlemma i riket. Ei andre marokkansk krise framprovosert av Berlin auka spenninga mellom dei europeiske stormaktene. Fez-traktaten (underskriven 30. mars 1912) gjorde Marokko til eit fransk protektorat. I den same avtalen overtok Spania rolla som vernar av dei nordlege og sørlege sahariske sonene den 27. november same året.
Mange marokkanske soldatar (goumiar) som tente i den franske hæren hjelpte europeiske og amerikanske troppar både i fyrste og andre verdskrigen.
Nasjonale politiske parti som oppstod i fotspora til det franske protektoratet, baserte argumenta sine for marokkansk sjølvstande på erklæringar frå andre verdskrigen som Atlanterhavserklæringa, ei felles amerikansk-britisk fråsegn som fremja blant anna folk sin rett til å velja styreforma dei skulle leva under. Manifestet til Istiqlal-partiet (sjølvstendepartiet) i 1944 var eit av dei tidlegaste offentlege krava om sjølvstende. Partiet stod seinare for det meste av leiarskapen av den etterfølgjande nasjonalistrørsla. Frankrike sende sultan Muhammed V i eksil til Madagaskar i 1953. Han blei følgd opp av den upopulære Muhammed Ben Aarafa. Styret hans blei oppfatta som illegitimt og utløyste aktiv opposisjon mot det franske protektoratet i heile landet. Det mest betydelege skjedde i Oujda der marokkanarar angreip franske og andre europeiske bebuarar i gatene. Operasjonar av den nyleg oppretta Armée de Libération blei sett i gang den 1. oktober 1955. L'Armée de Libération blei oppretta av Comité de Libération du Maghreb Arabe i Kairo til å vera ei motstandsrørsle mot okkupasjonen på same måte som den nasjonale frigjeringsfronten i Algerie. Målet hennar var å returnera kong Muhammed V, men òg å frigjera Algerie og Tunisia. Frankrike lét Muhammed V venda tilbake i 1955, og forhandlingane som førte til marokkansk sjølvstende byrja året etter.
Alle desse hendingane hjelpte til med å auka graden av solidaritet mellom folket og den nyleg tilbakevende kongen. Av denne grunnen blei revolusjonen kalla «la révolution du Roi et du Peuple» (‘revolusjonen til kongens og folket’) og blir feira kvar 20. august.
Marokko fekk politisk sjølvstende frå Frankrike 2. mars 1956, og Frankrike gav formelt opp protektoratet sitt i Marokko 7. april same året. Gjennom avtalar med Spania i 1956 og 1958 blei marokkansk kontroll over nokre spanskstyrte område gjenoppretta, sjølv om forsøk på å gjera krav på andre spanske koloniale område gjennom militære operasjonar var mindre vellykka. Den internasjonaliserte byen Tanger vart reintegrert med signeringa av Tanger-protokollen 29. oktober 1956. Hassan II blei konge av Marokko 3. mars 1961. Styret hans var prega av politisk uro, og det hensynslause svaret frå styresmakta gav tida kallenamnet «blyåra». Den spanske enkklaven Ifni i sør blei del av det nye Marokko i 1969.
Marokko annekterte store delar av den dåverande spanske kolonien Vest-Sahara i 1975 og 1979. Okkupasjonen er folkerettsleg kontroversiell, og det finst inga endeleg løysing på statusen til territoriet.
Eksperimentelle politiske reformer i 1990-åra resulterte i etableringa av ei tokammers nasjonalforsamling i 1997. Marokko blei gjeve status som major non-NATO ally i juni 2004, og signerte frihandelsavtalar med USA og EU.
Den største byen i Marokko, Casablanca, blei utsett for terrorangrep i 2003. Angrepa var retta mot vestlege og jødiske mål og førte til 33 omkomne og meir enn 100 skadde, hovudsakleg marokkanarar.
I desember 2020 underteikna Marokko som det fjerde arabiske landet ein normaliseringsavtale med Israel.[1]
Folkesetnad
[endre | endre wikiteksten]
Marokko er det fjerde mest folkerike arabiske landet etter Egypt, Sudan og Algerie. Dei fleste innbyggjarane bur vest for Atlasfjella, ei fjellrekke som isolerer landet frå Sahara. Casablanca er handels- og industrisenteret og den viktigaste hamna i landet. Rabat er setet til styresmakta, Tanger er inngangen til Marokko frå Spania og er òg ei betydeleg hamn, Fez er det kulturelle og religiøse senteret og det hovudsakleg «berbiske» Marrakech er eit betydeleg turistsentrum.
Dei fleste innbyggjarane bur vest for Atlasfjella, ei fjellrekke som isolerer landet frå Sahara. Casablanca er handels- og industrisenteret og den viktigaste hamna i landet. Rabat er setet til styresmakta, Tanger er inngangen til Marokko frå Spania og er òg ei betydeleg hamn, Fez er det kulturelle og religiøse senteret og det hovudsakleg «berbiske» Marrakech er eit betydeleg turistsentrum.
Religion
[endre | endre wikiteksten]Dei fleste marokkanarane er sunnimuslimer av arabisk, berbisk eller blanda arabisk–berbisk opphav. Arabarane invaderte Marokko på 600-talet og etablerte kulturen sin der. Den jødiske minoriteten i landet har gått betrakteleg tilbake og tel rundt 7 000 menneske. Dei fleste av dei 100 000 utanlandske innbyggjarane er franske eller spanske, mange er lærarar eller teknikarar og stadig fleire pensjonistar, særleg i Marrakech.
Språk
[endre | endre wikiteksten]Arabisk og tamazight er offisielle språk i Marokko.[2][3] Marokko var det første landet med eit offisielt berbisk språk.
Fransk, som er uoffisielt andrespråk i Marokko, blir lært av alle og fungerer framleis som primærspråk i handel og økonomi. Det kan nyttast i offisielle dokument, men har ingen offisiell status. Det er òg vidt utbreidd i utdanning og i styret av landet. Spansk er også noko utbreidd.[4] Rundt 20 000 marokkanarar i den nordlege delen av landet snakkar spansk som andrespråk parallelt med tarifit. Engelsk, som framleis er langt bak fransk og spansk, er raskt i ferd med å bli det føretrekte framandspråket blant utdanna ungdom. Nasjonale utdanningsreformer som tredde i kraft seint i 2002 har resultert i at engelsk blir undervist i alle offentlege skular frå fjerde skuleår av.
Politikk og administrasjon
[endre | endre wikiteksten]Grunnloven til Marokko slår fast at landet er eit konstitusjonelt monarki med eit parlament som blir valt gjennom alminnelege val. Grunnloven blei sist endra etter ei folkerøysting i 2011 som blei gjennomført etter store demonstrasjonar under Den arabiske våren. Landet blir i dag rekna som eit relativt demokratisk land.[5][6]
Parlamentet består av to kammar, og medlemma blir valde ved alminnelege val. Representantsforsamlinga (Majlis al-Nuwab/Assemblée des Répresentants) har 325 medlemmar som er valde for ein femårsperiode. 295 blei valde i valkretsar med fleire representantar og 30 frå ei nasjonal liste som berre består av kvinner. Rådgevingsforsamlinga (Majlis al-Mustasharin) har 120 medlemmar som blir vald for periodar på ni år, og blir indirekte vald frå regionane og arbeidslivsorganisasjonane. Underhuset kan avsetja regjeringa gjennom mistillitforslag.[7]
Statsministeren er regjeringsjef og den utøvande makta ligg hjå regjeringa. Kongen utpeiker statsministeren, men statsministeren må tilhøra den største grupperinga i parlamentet. Statsministerens forslag til regjeringsmedlemmar må godkjennes av kongen, men statsministeren har makt til å avsette regjeringsmedlemmer og styra den daglege politikken i regjeringa. Regjeringa kan oppløysa parlamentet.
Kongen er statsoverhovud, vernar av trua og øvstkommanderande for dei marokkanske væpna styrkane. Han leier ministerrådet, utnemner statsministeren etter val og utnemner alle medlemmane i regjeringa etter å ha rådført seg med anbefalingane til statsministeren. Ei rekkje grunnlovsendringar har avgrensa den politiske makta til kongen, men han har halde på makta i militære og religiøse spørsmål. Då Muhammed V døydde, overtok sonen hans Hassan II trona i 1961. Han styrte Marokko dei neste 38 åra fram til han døydde i 1999. Sonen hans, kong Muhammed VI, overtok trona i juli 1999.[7]
Regionar
[endre | endre wikiteksten]Som del av desentraliserings- og regionaliseringslovene som nasjonalforsamlinga vedtok i 1997 blei det oppretta 16 nye regionar. Dette er den høgaste administrative inndelinga av Marokko. Ein marokkansk region blir styrt av ein wali som blir utpeika av kongen. Walien er òg guvernør av provinsen (eller prefekturet) der han bur.
På grunn av konflikten om Vest-Sahara er fleire regionar omstridd mellom Marokko og Den saharawiske arabiske demokratiske republikken (SADR), nærare bestemt Guelmim-Es Semara (6), Laâyoune-Boujdour-Sakia El Hamra (7) og Oued Ed-Dahab-Lagouira (11). Frisona, aust for den marokkanske muren, blir administrert av SADR. Kongedømmet Marokko gjer krav på desse som sine sørlege provinsar.
Regionane med hovudstad i og regionane i Vest-Sahara i kursiv:

| Nr | Provins | Hovudstad | Areal i km² | Innbyggjarar | Innbyggjarar per km² |
|---|---|---|---|---|---|
| 1 | Chaouia-Ouardigha | Settat | 7010 | 1 655 660 | 236,2 |
| 2 | Doukkala-Abda | Safi | 13 285 | 1 984 039 | 149,3 |
| 3 | Fès-Boulemane | Fez | 19 795 | 1 573 055 | 79,5 |
| 4 | Gharb-Chrarda-Béni Hssen | Kénitra | 8805 | 1 859 540 | 211,2 |
| 5 | Grand Casablanca | Casablanca | 1615 | 3 631 061 | 2248,3 |
| 6 | Guelmim-Es Semara | Guelmim | 122 825 | 462 410 | 3,8 |
| 7 | Laâyoune-Boujdour-Sakia El Hamra | Laâyoune | 139 480 | 256 152 | 1,8 |
| 8 | Marrakech-Tensift-El Haouz | Marrakech | 31 160 | 3 102 652 | 99,6 |
| 9 | Meknès-Tafilalet | Meknès | 79 210 | 2 141 527 | 27,0 |
| 10 | Oriental | Oujda | 82 900 | 1 918 094 | 23,1 |
| 11 | Oued Ed-Dahab-Lagouira | Dakhla | 50 880 | 99 367 | 2,0 |
| 12 | Rabat-Salé-Zemmour-Zaer | Rabat | 9580 | 2 366 494 | 247,0 |
| 13 | Souss-Massa-Drâa | Agadir | 70 880 | 3 713 653 | 43,9 |
| 14 | Tadla-Azilal | Béni Mellal | 17 125 | 1 450 519 | 84,7 |
| 15 | Tanger-Tétouan | Tanger | 11 570 | 2 470 372 | 213,5 |
| 16 | Taza-Al Hoceima-Taounate | Al Hoceima | 24 155 | 1 807 113 | 74,8 |
| Marokko totalt | Rabat | 690 275 | 29 891 708 | 43,3 |
(Frå folketeljinga 4. september 2004)
Økonomi
[endre | endre wikiteksten]
Marokko har signert ein frihandelsavtale med EU (med inngang frå 2010) og USA.
Den største industrien er gruvedrift av fosfat. Den nest største inntektskjelda er frå borgarar som bur i utlandet som overfører pengar til slektningar busett i Marokko. Den tredje største inntektskjelda i landet er turisme.
Landet er ein av dei største produsentane og eksportørane av cannabis i verda, og kultiveringa og salet gjev økonomisk grunnlag for store delar av folkesetnaden i nordlege Marokko. Cannabis blir vanlegvis foredla til hasj. Denne aktiviteten står for 0,57 % av BNP i Marokko, anslått til 37,3 milliardar dollar. Ein SN-studie har anslått at kannabiskultiveringa dekker rundt 1340 km² i dei fem nordlege regionane i Marokko.[8] Dette tilsvarer 10 % av det totale området og 27 % av den dyrkbare jorda i det undersøkte området, og 1,5 % av den dyrkbare jorda i landet. Marokko er med i SN sin narkotikakonvensjon frå 1988 og i 1992 vedtok Marokko lovverk som skulle setja konvensjonen i verk.
Arbeidsløyseraten er på 12,1 % (2004), og eit overslag frå 1999 anslo at 19 % av den marokkanske folkesetnaden levde under fattigdomsgrensa.[9]
Sjølv om Marokko arbeider med endring, har landet historisk sett brukt barnearbeid i stor skala. I 1999 innrømde den marokkanske regjeringa at over 500 000 born under 15 år var med i arbeidsstyrken.[10]
Utdanning
[endre | endre wikiteksten]
Utdanning i Marokko er gratis og grunnskulen er obligatorisk (opp til 15 år). Mange born, særleg jenter på landsbygda, går framleis ikkje på skule. Marokko har rundt 230 000 studentar ved 14 offentlege universitet. Det eldste, og på nokre måtar det mest prestisjefylte, er Muhammed V Universitet i Rabat, saman med Al Akhawayn Universitetet i Ifrane (eit privat universitet), med fakultet i jus, naturvitskap og dei frie vitskapane. Al-Akhawayn, som blei grunnlagt i 1993 av kong Hassan II og kong Fahd av Saudi-Arabia, er eit engelskspråkleg, amerikanskinspirert universitet med rundt 1000 studentar. Universitetet Al Karaouine i Fez har vore eit senter for islamske studiar i meir enn 1000 år. Ifølge UNICEF var 44 % av alle vaksne i landet analfabetar i perioden 2003-2008.[11] Eit omfattande alfabetiseringsprogram har ført til betydelege forbetringar på dette området.[12][13]
Kultur
[endre | endre wikiteksten]Kvar region har sitt særpreg og bidrar dermed til den nasjonale kulturen og sivilisasjonsarven. Marokko har sett som øvste prioritering å verna denne arven og ta vare på den kulturelle identiteten sin.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Universitat Pompeu Fabra Arkivert 19. august 2008 på Wayback Machine. (død lenke)
- ↑ Constitution of the Kingdom of Morocco (på engelsk). Sett om av Ruchti, Jefri J. Getzville: William S. Hein & Co., Inc. 2012. «First published in the Official Bulletin on July 30, 2011»
- ↑ Government of Morocco. «BO_5964-Bis_Ar.pdf» (PDF). Arkivert frå originalen (PDF) 16. mars 2012.
- ↑ «Marokko» (30. april 2024) i Store norske leksikon, snl.no.
- ↑ Universitat Pompeu Fabra Arkivert 19. august 2008 på Wayback Machine. (død lenke)
- ↑ European Journal of Human Genetics (2000) 8, 360–366
- 1 2 Berg, Ole T. (26. november 2024). «Marokkos politiske system». Store norske leksikon (på norsk).
- ↑ «Europe's Drug Consumption Stimulates Cannabis Cultivation in Morocco»
- ↑ «CIA World Factcook». Arkivert frå originalen 26. desember 2018. Henta 1. oktober 2008.
- ↑ «Europe's Drug Consumption Stimulates Cannabis Cultivation in Morocco»
- ↑ UNICEF: Morocco at a glance
- ↑ «EU adds almost 10 million euro to literacy programme in Morocco». Arkivert frå originalen 15. juni 2011. Henta 6. februar 2011.
- ↑ Magharebia: New literacy agency will target Moroccan women, rural dwellers
- «Marokkos geologi og landformer». Store norske leksikon. 28. april 2013.
- Delar av denne artikkelen bygger på «Morocco» frå Wikipedia på engelsk, og «Marocko» frå Wikipedia på svensk den 11. november 2005.
- Delar av denne artikkelen bygger på «History of Morocco» frå Wikipedia på engelsk, den 11. november 2005.