Hopp til innhald

Fosfor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Silisium Fosfor Svovel

Basisdata
Namnfosfor
SymbolP
Atomnummer15
UtsjånadKvit/raud/svart
Plass i periodesystemet
Gruppe15
Periode3
Blokkp
Kjemisk serieIkkje-metall
Atomeigenskapar
Atomvekt30,973761 u
Kalkulert atomradius100 (98) pm
Elektronkonfigurasjon[Ne]
KrystallstrukturMonoklin
Fysiske eigenskapar
StofftilstandFast stoff
Smeltepunkt44,2 °C, 317,3 K
Kokepunkt277 °C, 550 K
Molart volum17,02 cm³/mol
Tettleik1823 kg/m³
Fordampningsvarme12,129 kJ/mol
Smeltevarme0,657 kJ/mol
Damptrykk20,8 Pa
Elektronegativitet
etter Pauling-skalaen
2,19
Elektrisk leiingsevne1000 MS/m
Termisk konduktivitet0,235 W/(m·K)
Ioniseringspotensial 1 018 kJ/mol
 1 909 kJ/mol
 2 918 kJ/mol
 4 963 kJ/mol
 6 280 kJ/mol
21 275 kJ/mol
25 404 kJ/mol
29 861 kJ/mol
35 864 kJ/mol
40 966 kJ/mol
46 280 kJ/mol
54 080 kJ/mol
59 043 kJ/mol

Fosfor er eit ikkje-metallisk grunnstoff med kjemisk symbol P og atomnummer 15. Det er plassert i gruppe 15 i p-blokka i periodesystemet.

Fosfor finst i minst fire allotrope former. Kvitt fosfor og raudt fosfor er dei to vanlegaste.

Biologisk rolle

[endre | endre wikiteksten]

Den største delen av fosfor i menneskeroppen, rundt 86%, finst i bein og tenner i bindingar med kalsium. 8-9 % finn ein i musklane og resten i organa og blodet.

Fosfor er ein viktig komponent i DNA-molekylet, som lagrar arvestoff, og finst i ATP-molekyl, dei viktigaste energilagra i kroppen. Stoffet er òg del av mange av enzyma som styrer næringsomsetjinga. Det er ein del av fosforlipidane, som regulerer feittomsetjinga og feittbalansen i blodet. Gjennom fosforhaldige samband hjelper det til med å transportera hormon gjennom cellemembranen inn i cellene.

Mangel på fosfor i kroppen kan føra til problem med bukspyttkjertelen, mjukning av bein, tannverk, minka vekst, vekttap, lågare kapasitet i hjernen og nervene og generell trøytnad. Dersom ein derimot stadig får i seg for mykje fosfor kan blodet bli syrleg slik at kalsium blir løyst frå beina og skilt ut i urinen bunden til fosforet. Dette vil føra til mangel på kalsium og ein auke i feittmengda i blodet. Eit kosthald som er svært høgt på kjøtmat kan gje for mykje fosfor.

Kjelder for stoffet er kjøt, fisk, egg, korn, ris, mjølkeprodukt, ølgjær, lecitin, ertevekstar og tørka frukt.

Fosfor vert særleg brukt i gjødsel i form av konsentrert fosforsyre

Viktige sambindingar

[endre | endre wikiteksten]

Sjå også

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]