Den internasjonale arbeidsorganisasjonen
| Den internasjonale arbeidsorganisasjonen | |||
| Hovudkvarteret i Genève. | |||
| Type | Internationale Organisation | ||
|---|---|---|---|
| Skipa | 1919 | ||
| Hovudkontor | Genève | ||
| Ideologi | tripartisme, sosial dialog, sosial rettferdighet, anstendig arbeid | ||
| Tilsette | 3 500 (2023) | ||
| Nettstad | https://ilo.org | ||

Den internasjonale arbeidsorganisasjonen (ILO: International Labour Organization) er eit byrå i Dei sameinte nasjonane som yrkjer med arbeidssaker. Organisasjonen har hovudkvarter i Genève i Sveits.
ILO har 187 medlemsland. Målet er å «fremja sosial rettferd og internasjonalt anerkjende menneske- og arbeidsmarknadsrettar».[1]
Soge
[endre | endre wikiteksten]Organisasjonen vart grunnlagd i 1919 igjennom Versaillestraktaten,[2] og var fram til enden av andre verdskrigen ein del av Folkeforbundet. I dag yrkjer ILO etter Philadelphia-erklæringa, som vart vedteken i 1944. I desember 1946 vart ILO den fyrste særorganisasjonen til SN.[3]
Organisasjonen vann Nobels fredspris i 1969.
Generaldirektør
[endre | endre wikiteksten]ILO har sekretariat i Genève, og vert leidd av ein generaldirektør som vert vald for fem år av gongen. Den 25. mars 2022 vart den tidlegare togolesiske statsminister Gilbert Fossoun Houngbo valt til ny generaldirektør i ILO.[4]
Lista over ILO sine generaldirektørar sidan etableringa i 1919 er som fylgjer:[5]
| Namn | Statsborgarskap | Periode |
|---|---|---|
| Albert Thomas | 1919–1932 | |
| Harold Butler | 1932–1938 | |
| John G. Winant | 1939–1941 | |
| Edward J. Phelan | 1941–1948 | |
| David A. Morse | 1948–1970 | |
| Clarence Wilfred Jenks | 1970–1973 | |
| Francis Blanchard | 1974–1989 | |
| Michel Hansenne | 1989–1999 | |
| Juan Somavía | 1999–2012 | |
| Guy Ryder | 2012–2022 | |
| Gilbert Houngbo | 2022– |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «About the ILO | International Labour Organization», www.ilo.org (på engelsk), 28. januar 2024, henta 3. oktober 2024
- ↑ «History of the ILO». www.ilo.org (på engelsk). Henta 25. oktober 2021.
- ↑ «The agreement whereby ILO became the first United Nations specialized agency being signed, December 1946. From left to right: Edward Phelan, ILO Director, and Trygve Lie, United Nations Secretary-General.ILO Photo Gallery - Department of Communication». web.archive.org. 30. juni 2017. Arkivert frå originalen 30. juni 2017. Henta 25. oktober 2021.
- ↑ «Gilbert Houngbo will be the first African to lead the ILO». republicoftogo.com. 25. mars 2022.
- ↑ «Former Directors-General | International Labour Organization», www.ilo.org (på engelsk), 28. januar 2024, henta 3. oktober 2024
- Denne artikkelen bygger på «Den internasjonale arbeidsorganisasjonen» frå Wikipedia på bokmål, den 4. oktober 2024.