Aisne
- For elva med same namn, sjå elva Aisne.
| Aisne | |
|---|---|
| Våpenskjoldet til Aisne | |
| Plassering | |
| Administrasjon | |
| Departmentnummer: | 02 |
| Region: | Hauts-de-France |
| Préfecture: | Laon |
| Sous-préfectures: | Château-Thierry Saint-Quentin Soissons Vervins |
| Arrondissement: | 5 |
| Kantonar: | 42 |
| Kommunar: | 816 |
| Président du conseil général: | Yves Daudigny |
| Statistikk | |
| Folketal | Rangering 46. |
| -1999 | 535 489 |
| Folketettleik: | 73/km² |
| Landareal¹: | 7 369 km² |
| ¹ Franske landdata, som ikkje tar med elvemunningar, innsjøar, vatn og isbrear større enn 1 km². | |
Aisne er eit departement i den nordlege delen av Frankrike, oppkalla etter elva med same namn som renn gjennom området.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Aisne er ein av dei opphavlege 83 departementa som vart oppretta under den franske revolusjonen 4. mars 1790. Han vart danna av dei tidlegare provinsane Île-de-France, Picardie og Champagne.
Det meste av dei gamle skogane i området vart øydelagd under kampar i den første verdskrigen. Den tyske offensiven mot Chemin des Dames våren 1917 vert stundom kalla Det andre slaget om Aisne.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Aisne grensar mot Ardennane og Belgia i nordaust. Elva Aisne renn gjennom området frå aust til vest, der ho møter Oise. Landskapet er dominert av klipper med bratte sider. Desse klippene finn ein i heile regionen, men er mest imponerande ved Laon og Chemin des Dames.
Dei største byane i Aisne er:
- Laon, innb. 26 000 (prefektur)
- Saint-Quentin, 60 000
- Soissons, 30 000
- Château-Thierry, 15 000
- Tergnier, 15 000
Klima
[endre | endre wikiteksten]Departementet får mellom 500 og 750 mm nedbør i året.
Økonomi
[endre | endre wikiteksten]Jordbruk dominerer økonomien, særleg kornavlingar. Roesukker er ein av dei viktgaste industriane i området. Veving av silke, bomull og ull har ein i Saint-Quentin og andre byar. Saint-Gobain er kjend for produksjon av speglar, som starta på 1600-talet. Guise er jordbrukssenteret i den nordlege delen av Aisne.
Kultur
[endre | endre wikiteksten]Under den første verdskrigen vart fleire viktige og historiske byningar øydelagd. Av bygningar som overlevde finn ein mellomalderkyrkjene i Laon, Braine og Urcel. Ruinane av slottet i La Ferté-Milon vart heller ikkje meir øydelagd av krigane.