Forskrift om samanslåing av Eid kommune og Selje kommune til Stad kommune, Sogn og Fjordane

DatoFOR-2017-12-19-2161
Ikrafttredelse19.12.2017
Sist endretFOR-2020-02-19-164
Gjelder forStad kommune, Vestland
HjemmelLOV-1992-09-25-107-§3, LOV-2001-06-15-70, FOR-2017-10-27-1666
Kunngjort20.12.2017   kl. 14.10
KorttittelForskrift om samanslåing av Eid kommune og Selje kommune til Stad kommune

Heimel: Fastsett av Kommunal- og moderniseringsdepartementet 19. desember 2017 med heimel i lov 25. september 1992 nr. 107 om kommuner og fylkeskommuner (kommuneloven) § 3 nr. 3 og lov 15. juni 2001 nr. 70 om fastsetjing og endring av kommune- og fylkesgrenser (inndelingslova) § 17, jf. delegeringsvedtak 27. oktober 2017 nr. 1666.
Endret Endra ved forskrift 19 feb 2020 nr. 164.

§ 1.

Eid kommune og Selje kommune blir slått saman til ein kommune frå 1. januar 2020. Namnet på kommunen er Stad kommune.

§ 2.

Kommunestyret skal ha 33 medlemer, inntil kommunestyret eventuelt gjer anna vedtak i medhald av kommunelova § 7 nr. 3.

§ 3.

Vedtekter og forskrifter som er gjeldande i Eid kommune og Selje kommune skal framleis gjelde for vedkomande område inntil nye lokale vedtekter og forskrifter er fastsett av kommunestyret. Frist for fastsetting av nye vedtekter og forskrifter er 1. januar 2021.

§ 4.

Fellesnemnda skal sørgje for at samansettinga av forliksrådet til kommunen er i samsvar med domstollova § 27 og § 57 i perioden frå samanslåingstidspunktet til nytt forliksråd trer i funksjon. Fellesnemnda kan slå fast at funksjonstida for dei eksisterande forliksråda i kommunane skal vidareførast slik at den nye kommunen har to eller fleire forliksråd i ein periode.

§ 5.

Kommuneplanar og kommunedelplanar etter plan- og bygningslova kapittel 11, inkludert arealdelen, gjeld inntil dei blir erstatta av nye planar som er vedtatte av det nye kommunestyret. Reguleringsplanar etter kapittel 12 i lova gjeld inntil dei blir erstatta av nye planar eller at dei blir vedtatt oppheva.

§ 7.

Forskrifta trer i kraft straks.